Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Ny dagleg leiar er tilsett på Garborgsenteret

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Jærmuseet har tilsett Inger Undheim, Bryne, som ny dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter i Time.

Inger Undheim er fødd på Bryne i 1975. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen våren 2003 med faga allmenn litteraturvitskap, religionsvitskap og nordisk hovudfag.

Ho fekk tildelt hovudfagsstipend frå Stiftinga Garborg-året 2001, og hovudfagsavhandlinga hennar har tittelen "Arne Garborgs Den burtkomne Faderen: Vedkjenning som sjølvframstilling kring 1900."

Ho har vore universitetslektor i nordisk litteratur ved UiS hausten 2003, og har undervist på Rosseland skule og Frøyland ungdomsskule. Sidan 2006 har ho arbeidd som immigrasjonskoordinator i firmaet Relocation.no i Stavanger.

Inger Undheim har lang røynsle som formidlar av Garborg, både som mangeårig sommarvert i Garborgheimen og på Knudaheio, som foredragshaldar og som ekstern Garborgformidlar i regi av Time kommune. Inger Undheim er for tida også leiar i Time Mållag, og er med i det faglege rådet for Nasjonalt Garborgsenter.

Den daglege leiaren tek til i stillinga 1. oktober 2010.

For meir informasjon:

Målfrid Snørteland
direktør
Tlf. 913 90 361

Inger Undheim
Tlf. 975 32 529

 

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar