SR-Bank gir inntil 9 millionar kroner i gåver til Nasjonalt Garborgsenter
Under eit pressemøte onsdag 16. juni vart det klart at SR-bank gir 9 millionar kroner i gåve til Nasjonalt Garborgsenter, som er under oppbygging på Bryne. Det var konsernsjef i SR-bank, Terje Vareberg, som saman med områdebanksjef for Jæren Elin Garborg og kommunikasjonssjef i SR-bank Thor Christian Haugland, overrakk gåva til direktør for Jærmuseet, Målfrid Snørteland og til ny dagleg leiar for senteret, Inger Undheim.
SR-bak gjev 5 millionar no, og vil så gi ei krone for kvar innsamla krone som vert samla inn lokalt fram til 4 millionar. Totalt vil dette utgjere 9 millionar frå SR-bank.
Terje Vareberg i SR-bank påpeika at banken har ein lang tradisjon med Garborg, og var òg hovudsamarbeidspartnar for stiftinga Garborg-året i 2001. Ei gåve av den storleiken vil vera med på å sikre vekst og utvikling i regionen.
Leiar i rådet for Nasjonalt Garborgsenter, Roald Bergsaker, kunngjorde òg at TS-Stangeland gir kr. 500 000 til senteret.
Garborgsenteret skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Målet er at senteret skal opnast hausten 2011.
For meir informasjon:
Målfrid Snørteland
Direktør, Jærmuseet
Tlf. 913 90 361
Thor-Christian Haugland
Kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1 SR-Bank
Tlf: 480 31 633
onsdag 16. juni 2010 11:11
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










