Pressemelding: Vinnar av russe - konkurranse
Vinnaren av prosjektet Mot til å meina sin russe - konkurranse er kåra. Tonje Madsen frå Bryne vgs ( Vedlegg nr. 5) gjekk av med sigeren på vegne av seks jenter ved skulen. På andre plass kom Julie Arnfred Bojesen i lag med Hallvard Hotvedt, begge frå Sauda vgs (Vedlegg nr. 3).
Prosjektet Mot til å meina vil kjøpe annonseplass på dei to russebilane til ein verdi av 10.000 og 5.000 kroner. For å vinne måtte elevane lansere konkrete og gode idear til korleis ein kan få fleire ungdommar politisk engasjerte. Det kom inn fem forslag som totalt 24 elevar sto bak frå dei vidaregåande skulane i Strand, Bryne og Sauda.
Partiene må fokusere på noe konkret. Vi ungdommer leser nok på skolen. Gi oss et hefte, fortell hva partiet står for i saker som angår oss. Vi engasjerer oss i skolen, utdanningen, idretten og kulturen, heiter det blant anna i vinnarbidraget.
Garborgsenteret gjennomfører i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet og kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Prosjektet, som går over tre år, har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auka talet på unge listekandidatar til kommune- og fylkestingsval, og at fleire unge får plass i kommunestyra. Prosjektet arbeider også for at det blir større oppslutnad i vallokalet frå denne gruppa ved neste lokalval.
Tonje Madsen 40615429
Julie A. Bojesen 911 57 074
For meir informasjon, ta kontakt med prosjektleiar i Mot til å meina
Einar Schibevaag
91 30 89 72
torsdag 25. mars 2010 13:45
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










