Demokratiet: Blåmåndag eller grøn framtid?
Det nasjonale pilotprosjektet Mot til å meina har målsetjing om å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og i interesseorganisasjonar.
I samarbeid med Kommunal - og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time kommuneprosjektet som er retta mot ungdom under 26 år. Nasjonalt Garborgsenter samarbeider også med prosjektet som går over tre år.
Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant ungdom.
6. - 7. mai 2010 vert det skipa til ein konferanse i Stavanger som set søkelys på politikk og ungt engasjement.
Aslak Sira Myhre, Frank H. Aarebrot, Liv Signe Navarsete, Jostein Fretland, Hadia Tajik, Rune Øygard og Rune Hetland er blant føredragshaldarane og debattantane.
Målgrupper for konferansen er politikarar, politiske parti, valstyra, valarbeidarar i kommunar, pedagogisk personell i skulen, media og ungdomsorganisasjonar. I tillegg er konferansen av spesiell interesse for kommunar som skal gjennomføre val for 16-åringar.
For meir informasjon,
ta kontakt med prosjektleiar
Einar Schibevaag
91 30 89 70
måndag 01. mars 2010 13:42
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










