Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Pressemelding: Vil sponse russebilar ved Strand, Bryne og Sauda vgs

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Prosjektet Mot til å meina vil gjerne kjøpe annonseplass på to russebilar ved kvar av dei vidaregåande skulane i Strand, Bryne og Sauda til ein verdi av 5.000 eller 10.000 kroner. For å vinne må elevane kome med gode framlegg til korleis me kan få fleire ungdommar politisk interesserte.

 I samarbeid med kommunal - og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Prosjektet som går over tre år, har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og organisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er auka talet på unge listekandidatar til kommune - og fylkestingsval, og at fleire unge får plass i kommunestyra.

Elevane ved dei vidaregåande skulane blir no utfordra på spørsmål som: korleis kan me få fleire ungdommar til å bli engasjerte i politisk arbeid? Korleis få fleire til å nytte røysteretten? og kva medium skal me bruke for å få bodskapen fram? Dei beste forslaga vert altså premierte med kjøp av annonseplass på russebil.

 

Her er nokre elevar som de kan ta kontakt med :

Bryne vgs: Tore Gudmestad (92483238)

Strand vgs: Kjell Petter Hetland (45229815)

Sauda vgs: Maria Storesund Brekke (90787281) og Britt Mari Engeskar (99531929)

 

For meir informasjon, ta kontakt med

Einar Schibevaag

 91 30 89 72

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar