Pressemelding: Valdebatt styrt av ungdommen!
Som ein del av valprosjektet Mot til å meina for kommunane Time, Hjelmeland og Sauda vil det måndag 7. september kl. 20.00 bli arrangert valdebatt i Storstova på Jæren, Bryne.
Det er elevar frå Bryne, Strand og Sauda vgs som skal planleggja debatten, det er også elevane som skal stille spørsmål undervegs i debatten som er open for alle.
Elevane vil førebu seg til debatten og bli samde om tema og spørsmål søndag 6. september, men dei håpar også å få inn spørsmål frå publikum undervegs.
Desse politikarane kjem til debatten: Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Bent Høie (H), Gunnar Kvassheim (V), Tore Nordtun (Ap), Ingrid Fiskaa (SV), Morten Borgli (Frp) og Jan Gunnar MAttingsdal (Krf).
Valprosjektet Mot til å meina har som mål å auke den politiske interessa og deltakinga blant unge under 26 år. Det er Garborgsenteret på Bryne som driv prosjektet som skal gå fram til 2011.
Les meir om Garborgsenteret: www.garborg.no
For meir informasjon om prosjektet eller valdebatten, ta kontakt med:
Dagleg leiar Nasjonalt Garborgsenter
Einar Schibevaag
91 30 89 72
Utstillingsleiar Nasjonalt Garborgsenter
Gunhild Hammeraas
90 47 56 56
torsdag 03. september 2009 13:30
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










