Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Pressemelding: Kommunalministeren til Garborgsenteret

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

2 og 3 juni er det inspirasjonssamling for ungdomsgruppa til Garborgsenteret på Jæren Hotell.

Tysdag 2. juni kl. 08.30 på Jæren Hotell vil Kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa møte ungdomsgruppa som skal kome med innhaldet i det planlagde Garborgsenteret på Bryne.  Ho skal snakke om å skape eit større samfunnsengasjement hjå ungdom, med bakgrunn i regionalmeldinga. Ho vil også ta tak i forsøket med å få røysterett for 16 åringar.

Ungdomsgruppa som skal kome med innspel til innhaldet i senteret er sett saman av elevar frå dei vidaregåande skulane i kommunane Asker, Bryne og Tynset. I tillegg er det invitert andre elevar frå Time og Bryne vgs til inspirasjonssamlinga.

Garborgsenteret ynskjer også å stimulere til meir politisk deltaking og engasjement via prosjektet Mot til å meina. Via det toårige pilotprosjektet Mot til å meina skal ein prøve å auke den politiske interessa og deltakinga i tre utvalde kommunar, Sauda, Hjelmeland og Time. Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.

Vedlegg: Program for 2 og 3 juni

For meir informasjon, ta kontakt med

Dagleg leiar Nasjonalt Garborgsenter

Einar Schibevaag

91 30 89 72

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar