Garborgsenteret kjem
Stortinget meiner realiseringa av eit Nasjonalt Garborgsenter i Time på Jæren i 2011 er viktig.
Det blei løyvd 500 000 kroner til å vidareutvikla senteret sitt innhald som skal opna i 2011. Løyvinga er vidareført for 2010.
I statsbudsjettet for 2010 står det at ein Garborgsenteret sin søknad om 10 millionar i tilskot er på vent men vil kome igjen for 2011, men Halgeir Langeland frå SV går lenger. Dette vil ein kome tilbake til tidlegare, alt i revidert budsjett til våren.
- Då skal løyvingane på plass. Det er dei raudgrøne samde om, seier Hallgeir Langeland til NRK Rogaland
Stortinget la i sine føringar for stasbudsjettet i 2009 at:
"senteret skal fremme Hulda og Arne Garborgs visjoner som handler om langt mer enn litteratur. Senteret skal skape engasjement og debatt mellom nye generasjoner for å sikre at unge mennesker ser demokrati- og samfunnsprosesser som viktige arenaer å ta del i. Senteret skal fremme det norske og det nasjonale, og samtidig være søkende og åpent for ideer og utviklingstrekk i Europa og i verden for øvrig".
Senteret som er under bygging blir lokalisert i lag med det nye biblioteket til Time kommune. Eit bygg som blir på kring 2900 kvadratmeter med byggestart sommaren 2009.
Utstillingsareal er om lag 600 kvadratmeter og blir delt inn i følgjande område er opne prosessar med fagmiljø og Garborgvener. Eit eige brukarpanel med atten 16-åringar frå Asker, Time og Tynset er med oss fram til opninga.
Skrive av Nasjonalt Garborgsenter fredag 04. september 2009 00:00
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










