Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Eit nyskapande Nasjonalt Garborgsenter

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Ei reise i Hulda og Arne sitt univers

Media Farm i samarbeid med Arkidea er blitt valt ut til å utvikla utstillinga til Nasjonalt Garborgsenter  på Bryne. Det utslagsgjevande i  konkurransen var konseptforslaget som løysinga skal byggjast på.  Garborgsenteret er ein del av stiftinga Jærmuseet, og kostnadsramma på utstillinga vil vera  13 millionar eks. mva. Målgruppa til senteret er eit allment publikum med og utan særskilte faglege føresetnader. Unge vaksne mellom 15 til 25 er peika ut som ei av hovudmålgruppene. 

Garborgsenteret skal vera eit levande senter for litteratur, demokrati, kunnskap og skaparkraft, med utgangspunkt i  Arne og Hulda Garborg – det dei skreiv og deira liv og virke. I dette senteret skal det gjerast på ein ny og engasjerande måte.  Konseptet vil bryta med tradisjonell utstilling og museumstankegang . Det vil leggjast vekt på interaktive  løysingar der det sentrale stikkordet er ”vekst”. Vekst både for senteret og for den besøkjande.  På denne måten ønskjer ein nå ut til folk flest og ungdommen spesielt, med det tidlause i  kunstnarparet sin bodskap.  Utstillinga skal vera eit nært møte med Hulda og Arne – ei reise i deira univers.  Kontrakten er venta å bli signert  innan dei neste fjorten dagane.

Media Farm og Arkidea er leiande innan digital- og  designbasert formidling, og har tidlegare erfaring med utvikling av nasjonale besøkssenter.  Gjennom å skapa rom for oppleving og læring har selskapa tidlegare vunne store kontraktar som ”Minitinget”; Stortinget sitt besøks- og læringssenter,  ”Unionsoppløysninga” ; Utanriksdepartementet  si  100-årsmarkering -  og ”Deadline”; Stavanger Aftenblad  sitt  besøkssenter der ein er journalist for ein dag. Alle desse løysingane inneber  interaktive rollespel der dei besøkjande går  inn som ein aktiv deltakar i aktuelle tema.

Media Farm leverer òg  i desse dagar eit rollespel til Europaparlamentet på 23 språk for besøkjande frå alle EU-landa.  Dette besøkssenteret i Brussel er på 5000 m2 skal opnast neste år. Nasjonalt Garborgsenter ser no  fram  til ein spennande og hektisk utviklingsperiode saman med teamet frå Media Farm og Arkidea. Senteret er planlagd å stå ferdig mot slutten av 2011.

Kontaktpersonar :

Inger Undheim   Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa                    mobil  901 85 881

Avdelingsleiar - Garborgsenteret

Frode Søreide      Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa                mobil  975 05 005

Marknadssjef  - Media Farm as

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar