Garborgsenteret si historie
Ideen om etableringa av eit Nasjonalt Garborgsenter spring ut av 150-årsjubileet for Arne Garborg sin fødsel, Garborg-året 2001. I etterkant av jubileet tok Time Mållag initiativ til ei utgreiing av ideen om eit Garborgsenter. Ei arbeidsgruppe leia av Tarald Oma, dåverande leiar i Time Mållag, la i 2004 fram forprosjektet "Nasjonalt Garborgsenter på Bryne - for lesing og litteratur". Dette førte til at det blei sett ned ei styringsgruppe.
Prosjektet starta opp i oktober 2006 med Time Mållag, Time kommune og Rogaland fylkeskommune som initiativtakarar. Time kommune fekk ansvaret for å driva prosjektet.
Frå 1. april 2008 tok Jærmuseet over ansvaret for vidareføringa av det arbeidet styringsgruppa la, fram mot etableringa av eit nasjonalt senter.
Senteret er planlagt opna i 2012.
Skrive av Nasjonalt Garborgsenter måndag 29. mars 2010 17:59
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










