Om Nasjonalt Garborgsenter
Garborgsenteret skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Det vil vera eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft. Senteret skal nå eit vidt publikum, som blir invitert til å setja fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda Garborg – ein skal læra gjennom å gjera.
Målgruppa for senteret er eit allment publikum utan særskilte faglege føresetnader. Ungdom i 15- 25-årsalderen og unge vaksne er peika ut som hovudmålgrupper for senteret sitt arbeid.
Garborgsenteret ligg sentralt i Bryne, i Time kommune. Senteret er samlokalisert med Time bibliotek, plassert mellom det nybygde høghuset til Forum Jæren og den nye vidaregåande skulen, som skal stå ferdig i 2014. Området Garborgsenteret ligg i har fokus på læring, næring og kultur. Me vil at senteret skal vera ein stad der folk har lyst å vera, anten dei vil oppleva kultur, arbeida med store tankar og prosjekt, eller berre ta ein kaffikopp. Bygget er tilpassa alle desse føremåla og vil, i tillegg til utstillingsdelen og biblioteket, innehalda ein kafé, butikk, scene og ein sal til føredrag og små framsyningar.
Bygget er universelt tilrettelagt.
Skrive av Nasjonalt Garborgsenter fredag 26. mars 2010 09:01
![]()
Her er vinnaren!![]() Ei bie sprengjer seg ut av glaset. Fotograf: Hallgeir Braut. Les meir: Her er vinnaren! |
Fotokonkurransen FRIDOM: Juryen har bestemt seg![]() Sjå kven som er i finalen. Les meir: Fotokonkurransen FRIDOM: Juryen har bestemt seg |
![]()










