Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Tynset kommune

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Kolbotnen

Kolbotnen er ei østerdalsstue i Tynset, ved innsjøen Savalen, på grensa til Alvdal. Med hjelp frå sin gode venn Ivar Mortensson-Egnund kjøpte Arne Garborg tomta og bygde sommarstova si her i 1885. Dette var Arne sin første eigne heim. Namnet Kolbotnen kjem av at det tidlegare hadde vore ei kolmile på plassen. Då Arne og Hulda gifta seg flytta dei begge inn i Arne si stove. Tidleg året etter fekk dei sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg (”Tuften”), og familien budde meir eller mindre fast på Kolbotn fram til 1896 då Tuften hadde nådd skulealder. Åra på Kolbotn var svært produktive for både Hulda og Arne - dei skreiv mykje. Hjaa ho mor (1890), Trætte mænd (1891), Fred (1892), Læraren (1896) og deler av Haugtussa (1895) av Arne Garborg vart mellom anna skrive her. Forteljingar om huset og familien sitt liv kan ein lesa om i essaysamlinga hans Kolbotnbrev (1890), og i Hulda si bok Frå Kolbotnen og andetsteds (1903).

 

Kolbotn er i dag freda og er eigt av familien til ekteparet Garborg. I samband med Garborgdagane på Tynset er det likevel lagt opp til arrangement og utfluktar hit.

 

Kjelder: Wikipedia og Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992)

 

 

Fedraheimstua

Fedraheimstua er opphavleg frå 1700-tallet, og har vore ombygt fleire gongar. Namnet har huset fått fordi det i åra 1888 – 1890 var redaksjonslokale for bladet Fedraheimen, utgjeve av Arne Garborg, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson-Egnund. Seinare har huset vorte nytta som bustadhus. I dag står huset i museumsparken til Tynset bygdemuseum, ein del av Nordøsterdalsmuseet.

 

Kjelder: Store Norske Leksikon, Hedmark fylkesbibliotek og Nordøsterdalsmuseet

 

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar