Time kommune
Garborgheimen
Garborgheimen var Aadne (Arne) Garborg sin barndomsheim. Det er eit typisk jærhus og vart bygd i åra 1847/48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg. Familien budde der fram til 1869 då Eivind Garborg tok sitt eige liv. Då hadde allereie Aadne flytta ut – han reiste som 16-åring. Innreiinga og møblene er frå 1850-åra. Nokre av gjenstandane er stadautentiske, medan det meste er tidsautentisk. Garborgheimen er skildra i fleire av Arne sine verk, mellom anna i Bondestudentar (1883), Den burtkomne Faderen (1899), Fred (1892), Haugtussa (1895) og Knudaheibrev (1904).
Huset vart freda av Riksantikvaren i 1939 og overteke av Time kommune året etter. Frå 1951 har Garborgheimen vore museumsbygg, og er tilgjengeleg for publikum om sommaren og elles etter avtale.
Kjelder: Time kommune og Wikipedia
Knudaheio
Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren, og sto ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne hit for å skriva nesten kvart år til og med 1923. Innreiing og inventar er autentisk. Dei fleste fotografia som er tekne av Arne i og utanfor huset er og utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møbler og andre eigedelar. Utvendig framstår huset slik det gjorde i 1909, då det vart kledd med ståande panel. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.
I 1924 donerte enka Hulda Gaborg eigedomen til Time kommune, som held huset ope om sommaren. Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen på eigedommen.
I samband med Garborg-året 2001 vart det sett opp to minnesmerke ved Knudaheio: steinandletet ”All denne fagre utsyn” av Hugo Frank Wathne, og varden ”Tek kvar og ein sin vesle stein” av barna i krinsen.
Kjelder: Time kommune og Wikipedia
Skrive av Nasjonalt Garborgsenter fredag 26. mars 2010 09:17
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










