Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Støttar Garborgsenteret

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Næringslivet engasjerer seg sterkt i Nasjonalt Garborgsenter. Både Sparebank 1 SR-bank og TS-Stangeland støttar no senteret økonomisk.

SR-bank gir 9 millionar kroner i gåve til Nasjonalt Garborgsenter, som er under oppbygging på Bryne. Det var konsernsjef i SR-bank, Terje Vareberg, som saman med områdebanksjef for Jæren Elin Garborg og kommunikasjonssjef i SR-bank Thor Christian Haugland som overrakk gåva til direktør for Jærmuseet, Målfrid Snørteland og til ny dagleg leiar for senteret, Inger Undheim.

I tillegg gir TS-Stangeland gir kr. 500 000 til senteret. SR-bak gjev 5 millionar no, og vil så gi ei krone for kvar innsamla krone som vert samla inn lokalt fram til 4 millionar. Totalt vil dette utgjere 9 millionar frå SR-bank.

Terje Vareberg i SR-bank påpeika at banken har ein lang tradisjon med Garborg, og var òg hovudsamarbeidspartnar for stiftinga Garborg-året i 2001. Ei gåve av den storleiken vil vera med på å sikre vekst og utvikling i regionen, meinte han.

Garborgsenteret skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Målet er at senteret skal opnast hausten 2011.

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar