Får skulpturar
Garborgsenteret får no seks av forarbeida som bilethoggaren Gunnar Janson laga av Arne Garborg.
Det er sonen til Gunnar Janson, den kjende musikaren og komponisten Alfred Janson, som no gir skulpturane til Nasjonalt Garborgsenter. Tre av dei er forarbeid til Arne Garborg - monumentet ved Domkirken i Stavanger, medan to av arbeida er utkast til bysta utføre Deichmanske bibliotek i Oslo.
- Eg tykkjer planane for eit Nasjonalt Garborgsenter på Bryne er spennande, dessutan er det jo Garborg sine heimetrakter. Difor tenkte eg at Garborgsenteret kunne vere interesserte, seier Alfred Janson til Stavanger Aftenblad.
Skulpturane skal etter planan flyttast over til Bryne til hausten.

Skrive av Judith S. Litlehamar onsdag 16. juni 2010 11:56
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()











