Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Inger Undheim til Garborgsenteret

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Inger Undheim er tilsett som ny dagleg leiar  for Nasjonalt Garborgsenter.

Ho tek over jobben etter Einar Schibevaag som gir seg denne veka.

Inger Undheim er fødd på Bryne i 1975. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen våren 2003 med faga allmenn litteraturvitskap, religionsvitskap og nordisk hovudfag.

Ho fekk tildelt hovudfagsstipend frå Stiftinga Garborg-året 2001, og hovudfagsavhandlinga hennar har tittelen "Arne Garborgs Den burtkomne Faderen: Vedkjenning som sjølvframstilling kring 1900."

Undheim har også vore universitetslektor i nordisk litteratur ved UiS hausten 2003, og har undervist på Rosseland skule og Frøyland ungdomsskule. Sidan 2006 har ho arbeidd som immigrasjonskoordinator i firmaet Relocation.no i Stavanger.

Inger Undheim har lang røynsle som formidlar av Garborg, både som mangeårig sommarvert i Garborgheimen og på Knudaheio, som foredragshaldar og som ekstern Garborgformidlar i regi av Time kommune. Inger Undheim er for tida også leiar i Time Mållag, og er med i det faglege rådet for Nasjonalt Garborgsenter.

Den daglege leiaren tek til i stillinga 1. oktober 2010.

Det er no også klart at SR - Bank løyver ni millionar kroner til Garborgsenteret. Garborgsenteret skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. 

Garborgsenteret ligg sentralt i Bryne, i Time kommune. Senteret er samlokalisert med Time bibliotek, plassert mellom det nybygde høghuset til Forum Jæren og den nye vidaregåande skulen, som skal stå ferdig i 2014.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (1)Add Comment
0
Gratulerer Gratulerer Inger Undheim
skrive av rolf solheim, juni 16, 2010
Arne Gagborg kunne ikkje funne ein betre samarbeidspartener

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar