Der meiningar møtest

Nasjonalt Garborgsenter skal no profilerast under slagordet; der meiningar møtest. Det har ungdommane i referansegruppa til senteret bestemt.
For å sikre at Garborgsenteret klarer å nå målgruppa, som er unge vaksne mellom 15 og 25 år, har senteret sett ned ei referansegruppe med til saman 18 elevar frå vidaregåande skular i Time, Asker og Bryne. Desse elevane har no arbeidd med å kome fram til eit slagord til Nasjonalt Garborgsenter.
- Eg er imponert over det grundige arbeidet ungdommane har gjort i denne prosessen, og i anna arbeid som vert gjort for å sikre at innhaldet i senteret når målgruppa vår, seier prosjektleiar Einar Schibevaag.
I arbeidet med å finne slagord kom elevane til slutt fram til tre forslag. Desse var; der meiningar møtest, det skal merkast når ein meiner det og ei kraft for tanken. Etter ei vurdering bestemte leiinga ved senteret seg for å gå for det første forslaget.

Skrive av Judith S. Litlehamar fredag 11. juni 2010 08:24
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










