Brevsamling på auksjon

Ei samling av Arne Garborg sine private brev skal no seljast på auksjon.
Det er i dag Ingvild Handagard som eig dei 13 breva som skal auksjonerast bort på sommarauksjonen til Blomquist Kunsthandel 8. juni.
Bakgrunnen for breva er ein artikkel om Ivar Aasen som vart publisert i Norske folkeskrifter i 1902. Etterkvart blir det sett ned ei eiga nemnd for skriftserien som ikkje er nøgde med målformen Arne Garborg brukar. Dermed er debatten i gang, og Aasen - norma blir sett opp mot ein meir moderat skriftform. Arne Garborg meinte nemleg ei meir moderat line var naudsynt skulle ein få med austlendingane i målrørsla.

Skrive av Judith S. Litlehamar torsdag 03. juni 2010 11:17
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










