RUP-midlar til Diktarvegen

Diktarvegen får 200 000 kroner frå Rogaland fylkeskommune i RUP-midlar.
– Mykje av pengane vil gå til nettsatsing, seier prosjektleiar Marny Skeie Henkel til Suldalsposten.
Mellom anna skal pengane gå med til å styrke nettstaden diktarvegen.no
– Dette kostar sjølvsagt pengar. Me jobbar iherdig med å fullfinansiere dei ulike delene av prosjektet Diktarvegen, seier Skeie Henkel til Suldalsposten.
Arne Garborg er ein av forfattarane som dannar plattformen i prosjektet.

Skrive av Judith S. Litlehamar fredag 28. mai 2010 12:42
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










