Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

- Framtidsretta senter

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Jorunn Osland (31) ser fram til å utarbeide ein pedagogisk profil for Nasjonalt Garborgsenter på Bryne.

- Eg skal jobbamed å utarbeida ein pedagogisk profil, å gjera senteret interessant og aktueltfor skular å bruka i undervisninga. I den samanheng skal eg ha kontakt med skular og utarbeida pedagogiske opplegg knytt til senteret si utstilling oggenerelt rundt Garborg-relaterte emne, seier Osland som byrjar i stillinga 1. august.

Ho meiner dette vil bli ein utfordande jobb på eit framtidsretta senter.

- Eg har òg stor tru på at det er mange aktuelle tema ein kan ta tak i i samband med Garborgane, dette skal ikkje bli eit tørt museum med støvete monterar, dette vert ei utstilling der dei besøkjande er aktive og deltakande i si eiga oppleving.

Jorunn Osland er sjølv fødd og oppvaksen i Time kommune, heimkommunen til Arne Garborg, og har alltid kjent seg knytt til forfattarskapen hans.

- I tillegg har eg i mange år drive med folkedans, ei avHulda Garborg sine store interesser, slår ho fast.

I dag arbeider Osland som norsklektor i vidaregåande skule. Ho har master i nordisk, der sjølve mastergradsprosjektet dreidde seg om SMS-språk blant unge på Jæren.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar