Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Vart fanga opp

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

 

Geir Pollestad (Sp) og Hadija Tajik (Ap) meiner det var avgjerande at etablerte politikarar såg dei og fanga dei opp for at dei sjølve kom inn i politikken.

 Hada Tajik som har erfaring både som journalist og politisk rådgjevar i fleire departement er i dag stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Geir Pollestad har også erfaring som politisk rådgjevar, og er i dag stortingsrepresentant for Senterpartiet. Iselin Nybø er formannskapsrepresentant for Venstre i Stavanger. I dag diskuterte politikarane ungt engasjement under Mot til å meina-konferansen i Stavanger.

- Eg kom inn i politikken og Senterungdommen fordi eg var engasjert i EU - saka. Etterkvart oppdaga eg at politikk var mykje meir enn overføringa av kommunestyremøta på Jærradioen. Men eg veit ikkje om eg hadde vore politikar i dag dersom eg hadde blitt valgt inn i kommunestyret som 18-åring, seier Geir Pollestad og legg vekt på at det kommunale språket ofte er for vanskeleg og at det er for mange framandord i sakspapira. Noko som kan skreme ungdom frå å delta i politikken.  


God læringsarena
Hadia Tajik kom også litt tilfeldig inn i politikken, og skulle eigentleg aldri bli politikar.

- Eg kom inn i AUF fordi eg var opptatt av antirasisme og korleis me hadde det på skulen vår. Men det var aldri meininga eg skulle bli politikar, i staden utdanna eg meg til journalist og byrja å jobbe i ulike avisredaksjonar. Men i 2006 kom spørsmålet om eg ville bli politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet for statsråd Bjarne Håkon Hanssen, seier ho.

I ettertid har ho jobba med politikk til dagleg. Dei tre politikarane har ein ganske lik bakgrunn, blant anna har alle erfaring frå ungdomsorganisasjonane i partia.

- Ungdomspartia er ein veldig god læringsarena der ein også får bli del av eit miljø, seier Iselin Nybø.


Opnare demokrati
Hadia Tajik er samd i dette, men viser likevel til at politikarane ikkje må bli for like. I fylgje Tajik kan ein fort oppleve ein situasjon der dei fleste politikarane ikkje har erfaring frå arbeidslivet, men derimot har gått gradene i partia.

- Ein skal hugse på at det kjem mange gode politikarar inn frå sidelina. Jonas Gahr Støre er eit godt døme på det, slår Tajik fast.

Dei unge politikarane har også sterk tru på at sosiale medium blir ein av dei viktigaste arenaene i framtida.

- Dei sosiale mediuma er komne for å bli. I framtida blir det like viktig å vere tilstades her som på Dagsrevyen eller i Aftenposten. Nye medium gir oss høve til å gjere demokratiet opnare og lettare tilgjengeleg for folk, meiner Tajik.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar