Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

- Gi ungdommane makt

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Ei kartlegging utført av Sentio research på vegner av valprosjektet Mot til å meina viser at heile 77 prosent av dei spurde meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å røyste ved val. Det er ikkje professor Frank H. Aarebrot samd i.

Kartlegginga er gjennomført blant eit utval på 1000 personar blant Noreg sin befolkning mellom 15 og 25 år. Målet er å kartlegge ungdomens politiske engasjement.  Resultatet vart lagt fram under Mot til å meina-konferansen som no pågår i Stavanger.

Frank H. Aarebrot er overraska over at så mange ikkje meiner 16-åringane er modne nok til å røyste ved val. 

- På grunn av aldersfordelinga mellom innbyggargruppene er det naudsynt å senke røysteretten. Me blir stadig fleire eldre, og færre unge. Dermed blir det større avkasting på å ha ein eldrevennleg politikk, enn ein ungdomsvennleg politikk, meiner Aarebrot. 
 
- Me må vere villige til å gi ungdommen makt for å skape og vedlikehalde politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å lære ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, seier Aarebrot. 

Kartlegginga viser også at 51 prosent av dei spurde har vore medlem i eit elev/ungdomsråd, 45 prosent opplyser at dei les lokalavisa der dei bur ofte, det er berre 4,6 prosen som opplyser at dei aldri les lokalavisa. 42 prosent meiner dei er interessert i lokal politikk, medan 41 prosent også seier dei ikkje er interessert i lokal politikk. Dei resterande 17,8 prosenta opplyser at dei ikkje veit. 62 prosent av dei spurde meiner også det er viktig at dei folkevalde er på nettet.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar