Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

- Eit eige stammespråk?

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Student og medlem i sentralstyret til NMU, Jostein Avdem Fretland, meiner kommunane bør kome seg på Facebook for å få fleire ungdommar til å lese politiske saker. 

- Ikkje tru at det å publisere saksdokument på nettet gir reelt innsyn, seier han.

Fretland har sett på politiske sakspapir frå fleire kommunar for å sjå kor vanskeleg det politiske språket er, og la fram resultatet under Mot til å meina - konferansen i Stavanger i dag. Han meiner det er mange ord som skaper avstand mellom politikarane og dei unge lesarane.

- Eg fekk ein lengre epost frå Hjelmeland kommune med ei forklaring på kor eg skulle finne budsjettsaka i kommunen. Kvifor fekk eg det når det er så mykje enklare å berre google kommunen og budjsett, då kjem det opp med ein gong. Det er slik ungdommane tenkjer. Internettkvardagen vår er basert på klikk, seier Fretland som fleire gonger nesten gav opp då han skulle leite seg gjennom dei kommunale papira.

Han meiner kommunane bør endre på språket sitt, og gjere det enklare.

- Tenk som ei avis. Dersom ei avis hadde brukt det same språket som det er i kommunale dokument ville ikkje ungdommen lese lokalavisa så mykje som dei gjere i dag. Og det er jo nettopp dei kommunale sakene som kjem i lokalavisa som ungdommane er mest interesserte i. Og bruk Facebook som ein kanal til å fortelje om sakene.

- Få råd frå dei unge sjølve som er lesarane. Og lag ulike saksdokument til ulike grupper lesarar, meiner Fretland.  

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar