Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

- Snakk med oss

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

 

- Det er viktig at ungdom opplever at dei blir snakka med, og ikkje berre til, seier Christina Nessa (19) som er leiar i AUF Rogaland.

 

Nessa deltok på opninga av Mot til å meina-konferansen i Stavanger i dag. AUF - leiaren er sikker på at ungdommen er politisk interesserte, men meiner det er viktig at politikarane har tid til å lytte til kva ungdommane meiner i viktige saker.

- Eg veit at ungdommane er engasjerte. Det har eg sett i heimkommunen min, Hjelmeland, også. Mange ungdommar engasjerte seg då ungdomsskulen i Årdal skulle leggast ned for eit par år sidan, og ikkje minst på grunn av ei dødsulykke i vinter på rv 13 som mange er avhengige av og må køyre på fleire gonger til dagen. Då klarte ungdommen å samle 600 demonstrantar for å betre vegen.

- Men det er mange som ikkje kjem på at dette er det same som politikk. Det er enklare for mange ungdommar å engasjere seg i enkeltsaker, enn i politikken, seier Nessa.

Christina Nessa rådar lokalpolitikarane til å møte ungdommane ansikt til ansikt.

- Besøk ungdommane på skulen. Og ikkje berre fortel korleis kommunestyra er oppbygde, men still spørsmål om kva ungdommane meiner i politiske saker.

AUF - leiaren oppfordrar også lokalpressa til å bli litt meir spenstig i dekninga av politikk.

- Det er altfor få kule overskrifter om handlar om politikk i lokalavisa, slår ho fast.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar