Ungt engasjement

125 personar har allereie meldt seg på Mot til å meina - konferansen i Stavanger. Det er likevel plass til fleire.
Valprosjektet Mot til å meina har som målsetjing å auke det politiske engasjementet blant unge. No blir det konferanse om demokratiske utfordringar og politisk interesse blant ungdom. 125 personar har allereie meldt seg på konferansen som går av stabelen i Stavanger 6. og 7. mai.
På konferansen deltek mellom andre Aslak Sira Myhre, som skal snakke om ungt egasjement, Frank H. Aarebrot som skal drøfte kvifor unge vel bort folkevald arbeid, og stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap), som vil fortelje om kvifor ho vart samfunnsengasjert. På konferansen blir også røysterett for 16-åringar, nye formidlingsmåtar i media og demokratiske utfordringar viktige tema.
Hovudmålet til prosjektet Mot til å meina er å auke talet på unge listekandidatar til kommune - og fylkestingsvalet i 2011, og at fleire får plass i kommunestyra. I tillegg arbeider prosjektet for at det totalt sett skal bli større oppslutnad i vallokalet frå dei under 26 år.
Det er Kommunal - og regionaldepartementet som gjennomfører prosjektet i samarbeid med Nasjonalt Garborgsenter og kommunane Hjelmeland, Sauda og Time. Dei vidaregåande skulane som dekkjer kommunane har peika ut fem elevar kvar som vil følgje prosjektet.
Les programmet for konferansen her.

Skrive av Judith S. Litlehamar tysdag 27. april 2010 08:04
![]()
Her er vinnaren!![]() Ei bie sprengjer seg ut av glaset. Fotograf: Hallgeir Braut. Les meir: Her er vinnaren! |
Fotokonkurransen FRIDOM: Juryen har bestemt seg![]() Sjå kven som er i finalen. Les meir: Fotokonkurransen FRIDOM: Juryen har bestemt seg |
![]()










