Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Milliongåver til Garborgsenteret

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Pengegåve til Garborgsenteret

Stiftinga Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR har begge no løyvd 1,5 millionar kroner i gåve til Nasjonalt Garborgsenter.

Fritt Ord arbeider for å verne om og styrkje ytringsfridomen i Noreg, særleg ved å stimulere til levande debatt og den uredde bruken av det frie ordet. Fritt Ord har også tidlegare løyvd 200.000 til forprosjektfasten til Garborgsenteret.
Les meir på: www.fritt-ord.no

Sparebankstiftelsen DnB NOR støttar prosjekt som skaper engasjement, har verdi over tid, som involverer frivillige og som gir eit positivt bidrag til barn og unge.
Les meir på: www.sparebankstiftelsen.no

Garborgsenteret skal vere ein nasjonal base for å drive opplysing for - og samla informasjonar om - verket og livet til Arne og Hulda Garborg. Det skal vere eit fagleg senter med sikte på å drive forskning og fordjuping i litteraturen og livet til Arne og Hulda Garborg. Senteret vil få ein forskningsdel, ein formidlingsdel og ein utstillingsdel. I fjor løyvde regjeringa 7 millionar kroner til å bygge opp innhaldet i senteret. I tillegg har blant anna Time Sparebank alt løyvd 2 millionar kroner.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Direktør i Fritt Ord, Erik Rudeng tlf 23 01 46 46
Sissel Karlsen i Sparebankstiftelsen DnB NOR tlf 22 98 66 71
Einar Schibevaag, prosjektleiar ved Nasjonalt Garborgsenter tlf 91 30 89 72

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar