Garborgungdom på Tynset

19. og 20. oktober var referansegruppa til Garborgsenteret samla på Tynset. Gruppa består av 18 elevar frå vidaregåande skular i Asker, Tynset og Time kommune.
Eit av måla med turen var å besøkje Kolbotn og Fedraheimen kor Arne og Hulda i ein periode budde og arbeida. - Her er det ikkje like dystert som det er i Garborgheimen og på Knudaheio i Time, var det fleire som meinte. Neste gong gruppa møtast dreg dei til Asker kor dei får oppleva Garborg sin heim Labråten.
Les artikkel om opphaldet på Tynset i Østlendingen, 20.10.2009: Samler Garborg-ungdom

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter onsdag 21. oktober 2009 12:31
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










