Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Den ukjente Garborg

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Garborg

I samband med eit arrangement den 12. oktober heldt forfattar og kulturskribent Rolf Erik Solheim eit føredrag om "den ukjente Garborg".

Solheim er oppteken av Garborg si religiøse haldning, etiske overtyding og tankar kring samfunnsøkonomiske spørsmål. I 2007 skreiv han ein artikkel i Jærbladet, som delvis omhandlar dette.

Garborgsenter – kæ då?

trykt i Jærbladet 7. mai 2007

Frå andre sida av svenskegrensa fortonar det fillefykande ordskiftet om Nasjonalt Garborgsenter seg litt kaotisk. Midt i rabalderet om det skal liggja på Bryne eller på Knudaheio, korleis det skal sjå ut, om det er kokkelimonke mellom politikarar i Time og Forum Jæren, osv., kan det vera på sin plass spørja: Kva skal ein eigentleg med eit dyrt hus i glas, stål og jærstein

Eit digitalt senter
I desse digitale tider kan ein byggja eit virtuelt elektronisk hus på nettet for ein brøkdel av prisen, og der ville ungdom (som skal vera dei viktigaste brukarane) kunna møta G i virtuelle spel, kunna samtala med forskarar, gå rundt i virtuelle Knudaheio og Asker-heimen. Utan å flytta seg ein meter frå klasseromet. Og dessutan ikkje berre i Time, men i heile verda.

Slik er for eksempel ”Virtual Canada” ei spektakulær interaktiv oppleving. Teknikken her er svært avansert, og med hjelp av ekspertar på real-animasjon kunne G-senteret blitt det ungdomar lengtar etter: Eit Garborg-paradis på nettet. www.garborg.no vil ikkje på mange år kunna realiserast som ein slik virtuell pedagogisk nettststad om det skal brukast millionar på eit hus i Forum-Jæren-stil; eit hus som berre G-nostalgikarar kjem til å besøka. For dei andre vil kunna sjå det vesle som finst der på nettet i alle fall. I G-senteret skal det ikkje finnast anna enn bilete, tekstar, tankar og idear, og desse kan best formidlast digitalt på skjermar. Alt anna som skal skje i G-senteret kan gjerast frå eit Garborg-kontor kor som helst . ”Virtual Garborg” ville kunna kosta berre 25% av Forum Jæren sitt forslag og vera i gang før gravemaskinane er på plass.

Eit Garborg-auditorium for litterære møte og med storskjerm for visa ”Virtual Garborg” for dei som ikkje sjølve finn fram på nettet kan ein i alle fall ha i biblioteket.

Kven var Arne G?
Men så var det altså dette: Dagens diskusjon og prosjektplan tek ikkje opp det viktigaste som G-senteret skal formidla: Kven var eigentleg Arne Garborg? Ingen spør sjølvsagt om dette, for blant litteratar og folk på Jæren meiner dei fleste at dei veit vel kven han var. Kvifor dette spørsmålet når dessutan det ”nylege” Garborgåret med 520 tilstellingar forklara nettopp kven han var?

Nøkkelen til vår personlegdom
Når det gjeld kven du eller eg er, finst det ein nøkkel som kan låsa opp døra til vårt indre. Psykologar kjenner vel til nøkkelen: Vårt livs- og verdisyn.

Verdiar og livssyn er grunnlaget for handling og åtferd hos alle menneske. Dei formar våre haldningar til omverda og ligg bakom alt vi gjer (og skriv). Livssynet er difor det viktigaste i det bevisste livet, og slik var det jamvel for Arne Garborg.

Skilnaden mellom Garborg og oss andre er at han dokumenterte sitt livssyn meir konsekvent og omfattande enn nokon norsk forfattar har gjort – før eller seinare. Difor er det ein paradoks, ja beint fram forunderleg – for ikkje å seia ubegripeleg, at få på Jæren kjenner til dette livssynet. Men fordi Garborgåret ikkje hadde det som tema, veit dei fleste framleis ikkje kven Arne G var!

Gs livs- og verdisyn
Tor Lie fastslår i doktoravhandlinga si (Jærbladet 18.4.2007) at G allereie i 1894 var ferdig med sin religiøse strid og hadde forma seg eit permanent livssyn. Lie seier ikkje så mykje kva denne livsanskuinga gjekk ut på, men det er viktig å skjøna at alt G skreiv etter 1894 var prega av den nye innsikta.

Dette var korkje ateisme eller kristendom, men i slekt med anskuinga til Leo Tolstoy og Mahatma Gandhi. Det fyrste han skreiv etterpå var Haugtussa, og seinare Den burtkomne Faderen og Jesus Messias som i 1906 sette eit slags punktum for livssyn-prosessen. Garborg formulerte seg slik i dagboka 23.2.1907:

”I Den burtkomne Faderen og Jesus Messias hev eg gjort det eg kunde til aa jamne Veg for Folk av mitt Slag, jamne Veg, so dei kann finne fortare, og dermed vel lenger fram enn eg kunde vinne. Eg skynar meir og meir, at eg her hev gjort det eg kunde gjera; og daa min Veg laag her, so maa eg og tru at eg hev gjort det eg skulde gjera . . . eg er glad for at eg fekk liva so lengi at eg kom so vidt „til Ro" ; fekk sjaa utyvi Tilvære mitt i Samanheng. Som Live var lagt til Rettes for meg, so var det dette religiøse eg fysst og fremst maatte klara..”

Her peika han ut vegen vidare for andre søkjarar som var som han. Og med dette var han ferdig med sitt religiøse prosjekt. Nå stod samfunnsmodellen basert på Henry George for tur.

Samfunnsmodellen
Denne var ei direkte vidareføring av livssynet i Den burtkomne Faderen og Jesus Messias, og vart det viktigaste i resten av livet hans. Dette viser han i Heimkomin Son i 1908 og i ein straum av artiklar i åra som fylgde. Men mest av alt i dagbøkene.

Myten om at G hadde slutta å skriva er difor ikkje bere usann, men viser lite forståing for at litteraturen hans var eit livssynsprosjekt som nå var fullført. Neste fase venta: Samfunnsprosjektet.

I dei siste 20 åra arbeidde han som den fremste Henry George-ideologen i Norge for ei ny samfunnsøkonomisk verdsordning (georgismen), som også Winston Churhill og Sun Yat Sen arbeidde for i respektive England og China. Dette har garborgforskinga heilt ignorert, men det er ikkje så underleg fordi litteraturforskarar her ikkje har nokon skjønnlitteratur å bita i.

Difor vert det ei hovudoppgåve for G-senteret å få fram i lyset denne sida ved G. Med global klima-, miljø- og verdikrise kan livssynet og samfunnsmodellen koma til å overskugga skjønnlitteraturen hans. Spesielt for ungdomen, fordi han peikar på løysingar om korleis ein integrerer økonomi med økologi, som er sjølve hovudproblemet for verda i dag. Det som Al Gore ikkje vågar seia høgt fordi det har slike enorme politiske konsekvensar.

Garborgåret 2001
Er det ikkje forunderleg at nettopp desse verdiane og dette livssynet – som personleg var det viktigaste hos Garborg - aldri kom fram i Garborg-året? For det var ikkje slik at ingen visste om at han frå ca 1895 hadde fått eit heilt nytt livssyn. Dette prega både Haugtussa og Den burtkomne Faderen.

Med mykje fokus på nettopp desse to bøkene kunne ein ha venta at livsanskuinga som låg bak hadde vorte trekt fram. Men nei. Var dette konspirasjon eller berre mistak? Det faglege rådet hadde ingen kommentar då dei vart spurde. Derimot vart Humanetisk Forbund nekta å publisera plakatar om G sitt ateist-standpunkt frå bohem-tida. Mistanken kom at det sat kristenfolk i sentrale posisjonar og manipulerte. Spesielt då det vart arrangert Garborg-kveldar i jærkyrkjene. ”Messe for ein tvilar” i domkyrkja i Stavanger vart høgdepunkt på det som mange såg som rein prostitusjon av livssynet hans.

I dag er Den bortkomne Messias såleis eit strålande eksempel som burde inngå i all KRL-undervisning for å visa kva ”søking” er for noko hos dei som ikkje finn seg til rette i etablerte religionar, og korleis kyrkja såg på avvikande meiningar.

Mot til å meina
Nasjonalt Garborgsenter skal som Garborgåret sikta seg inn på hans ”mot til å meina”. Men i Garborgåret var det ingen tilstellingar som tok opp dette med motet eller kva slags meiningar som kravde spesielt mot. Her er vi igjen ved verdiane og livssynet som er grunnlaget for å vera modig, enten det gjeld meg eller deg. Men ettersom G sitt livs- og verdisyn aldri kom fram i G-året, fekk det vera med mottoet ”Mot til å meina – styrke til å skapa” utan at nokon tok det alvorleg.

Meiningane
Kva var det då for meiningar som kravde mot i framføringa? I bohemtida utagerte han i bøker og artiklar med ei fandenivoldsk sjølvkjensle og medverka - saman med moderniteten - til ei total ommøblering i norsk mentalitet. I denne rabulist-perioden levde han eit utagerande liv i Kristiania saman med ein brokete heiagjeng av andre bohemar. Livssynet var mest ateistisk, og det kravde sjølvsagt mot å stå for det i ei tid då kyrkja hadde stor makt. Og det var dristig å skriva om anarkisme, ekteskap og skilsmisse, og om borgarskapets hykleri.

Men i bohemtida stod han ikkje åleine med sine meiningar.

Det var fyrst etter 1900 at det vart glissent i fan-klubben med personlege støttespelarar, og etter Jesus Messias stod han mest åleine med sine synspunkt og sitt livssyn. Det var nå motet verkeleg kom til syne. Også i George-perioden kjempa han mykje åleine utan nære sympatisørar. Ikkje eit ord vart ytra i Garborgåret om motet han viste i alle sine foredrag om korleis jord og naturresursar bør skattleggast for å løysa problemet med fattigdomen i verda. Og at odelsretten måtte avskaffast i Norge. G-senteret må ha mot til å ta opp dette og visa korleis Garborg sine tankar om georgisme kan visa veg mot ny økonomisk verdsordning om den vi har nå skulle havarera.

Garborgsenteret – quo vadis?
På avspark-konferansen 30. januar 2007 vart det sagt at senteret ”skal ta opp aktuelle samfunnspolitiske tema”. Kva meir aktuelle tema finst i dag enn klimakrisa, resursbruken og fattigdomen i verda, og kva Garborg meinte om grådigheit og pengesjuke i lys av georgisme?

Anders Andersen frå UiS hevda på konferansen at Jesus Messias nå kan visa seg å vera ei av Garborg sine viktigaste bøker. Med Tor Lie si doktoravhandling om kos G kom fram til sitt ”varige livssyn”, kan dette livssynet og denne samfunnsmodellen bli nokre av dei viktigaste tema som G-senteret skal formidla (til verda på nettet). Slik kan G-senteret få ein aktualitet som overgår alt som prosjektleiing, nostalgikarar, målfolk og litteratar kan drøyma om. Og så kan dei leiga ut lokala i Forum Jæren til kontor.

Rolf Erik Solheim er forfattar, sivilingeniør og kulturskribent. Han bur i Arvika i Sverige.
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar