Svarar forfattarar
Meiningsbryting er eit gode og slik har det og vore i arbeidet med å finne tenlege løysingar for lokaliseringa av ei Nasjonalt Garborgsenter. Det skriv rådmann, Brit Nilsson Edland i Time kommune og Målfrid Snørteland, direktør for Jærmuseet, til forfattaroppropet som i brev sette fram krav om at ei anna lokaliseringsløysing en den som er vald.
Eit omfattande arbeid er lagt ned sidan frøet blei sådd, og søknaden til departement om eit nasjonalt Garborgsenter blei sendt i mars i år med sikte å opna dørene i januar 2011. Den lokaliseringsløysinga som er vald er det brei semje om. Berre eit svært lite mindretal ser for seg andre løysingar no.
Gald for engasjement
Likevel er Edland og Snørteland glad for engasjementet som har vist att i avisene og no i brevet til mellom anna Time kommune og Jærmuseet.
- Eit engasjement som langt på veg er i Garborg si ånd.
Likevel minner Edland og Snørteland om at prosjektleiinga har hatt møte foreininga til forfattarane om prosjektet i februar 2007 utan at det kom slike reaksjonar som blir registrert
- Skulle det seinare bli aktuelt med nye lokaliseringsløysingar ynskjer me dykk velkomne til den debatten.
I den fasen arbeidet er no er det spennande for oss som skal arbeide med senteret å få vera i lag med eit bibliotek som tar mål av seg å bli ein spennande møteplass også for dei som tradisjonelt ikkje søkjer eit slikt arena.
Innhaldet no
I tida som kjem er arbeidet med å gje senteret innhald den viktigaste utfordringa for oss.
- At det blir meiingsbrytingar om den løysinga me til slutt kan presentera er me og like sikre på at det blir slik me har sett lokaliseringsdiskusjonen.
Tilbodet senteret skal presentera skal retta seg både mot eit allment publikum og mot elevar, studentar, lærarar, forskarar, kulturarbeidarar og mediearbeidarar. Ei prioritert gruppe er unge menneske og dei som arbeider med denne målgruppa, dvs. frå grunnskule til fullført høgskule- og universitetsutdanning.
- Derfor er det viktig at alle som vil kjem på banen før innhaldet er spikra skriv, Edland og Snørteland til Sidsel Garborg Mørck som representerer forfattarane bak oppropet.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter tysdag 03. juni 2008 13:24
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










