Inviterer til idédugnad
Garborgsenteret har no invitert elevar ved tre vidaregåande skular til å kome med sine innspel til kva innhald senteret skal få. Skulane er Asker videregående skole, Bryne vidaregåande skule og Nord - Østerdal videregående skole. Kvar av desse skulane skal peike ut ein klasse som igjen skal velje fem elevar som vil gå inn i ei nasjonal gruppe på 15.
I eit brev til skulane vert det vist til at denne gruppa skal vere med å drøfte og ta stilling til innhald og formidlingsform for det nasjonale senteret. Vidare er det viktig at kontakten mellom Garborgmiljøa i Asker og Tynset og det nasjonale senteret kan gjerast tydelege og spanande for målgruppa og folk flest.
Prosjektleiar ved Garborgsenteret, Einar Schibevaag legg i brevet vekt på at ein håpar å starte opp arbeidet med ei samling i Oslo/Asker i slutten av oktober.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter torsdag 14. august 2008 15:10
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










