500 000 til Garborgsenteret
Stortinget løyver no 500 000 kroner til Jærmuseet og Garborgsenteret. - Innstillinga frå kulturkomiteen gler oss svært mykje, seier prosjektleiar i Garborgsenteret, Einar Schibevaag. Komiteen legg vekt på at eit Nasjonalt Garborgsenter i Time på Jæren er viktig, eit senter som skal fremje Hulda og Arne Garborg sine visjonar om langt meir enn litteratur.
- 500 000 kroner for 2009 fortel at me er i gang og at me kan konsentrera oss om innhaldet me skal fylle senteret med, seier prosjektleiaren.
Senteret skal etter planen opnast i 2011. Schibevaag legg også vekt på at det planlagde senteret skal skape engasjement og debatt mellom nye generasjonar for å sikre at unge menneske ser demokrati - og samfunnsprosessar som viktige arenaer å ta del i.
- Senteret skal fremje det norske og det nasjonale, samstundes med å vere søkjande og opne for idear og utviklingsdrag i Europa og i verda elles, slår Einar Schibevaag fast.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter tysdag 09. desember 2008 13:24
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










