Hammeraas ny utstillingsleiar
Gunhild Hammeraas (29) er tilsett som ny utstillingsleiar ved Garborgsenteret. Hammeraas som kjem frå Ås er i dag kulturhussjef i Time kommune. I månadsskiftet mars/april byrjar ho i jobben som utstillingsleiar ved Garborgsenteret.
- Eg gler meg. Det er veldig spanande å få vere med å utvikle noko, seier ho og viser til at hennar primære arbeidsoppgåve vert å bygge opp utstillingar over Arne og Hulda Garborg sine liv.
Direktør Målfrid Snørteland ved Jærmuseet er glad for at Hammeraas no er på plass for å drive arbeidet med å utvikle utstillingane fram mot den planlagde opninga av senteret i 2011.
- Me treng folk til å produsere desse utstillingane, det er eit arbeid som krev tid, seier ho og viser til at Hammeraas både har relatert museumsutdanning, og lokal erfaring og kunnskap frå arbeidet i Time kommune.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter onsdag 07. januar 2009 00:00
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










