Fokus Bank gir til ungt engasjement
Når interessa for å delta i samfunnsprosessar ikkje har same plass som tidlegare er det viktigare enn nokon gong å motivera til "vidsyn og tvisyn" i Garborgs ånd. Fokus Bank gir 35 000 kroner til arbeidet med Garborgsenteret for å få fram større kunnskap om kva som kan gjerast for å inspirera til deltaking i samfunnsprosessar mellom dei unge.
Pengane skal brukast til å henta kunnskap frå andre land i Europa og å gjennomføra kartleggingar mellom elevar i den vidaregåande skulen fleire stader i Rogaland fylke. Målet er å få vita kva som er grunnen til manglande engasjement og kva som skal til for å gjera det meir attraktivt å bli politisk aktiv.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter torsdag 30. april 2009 13:23
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










