Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Schibevaag held fram

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

- men blir ikkje ein del av den permanente leiinga ved Nasjonalt Garborgsenter. Einar Schibevaag har i snart to år arbeidd med realiseringa av senteret. Prosjektet er no i oppstarten med konkretisering av utstillingsdelen i senteret. Schibevaag seier det er ingen dramatikk i at han no melder om sin avgang.

Senteret treng ei leiing som kan ta over prosjektet i god tid før opninga. - Derfor valde eg å informera om dette no slik at leiinga i Jærmuseet har tid på seg til å finne den som skal drive senteret vidare frå 2011. Schibevaag gler seg til den fasen ein no går inn i med å konkretisera ei spanande og utfordrande utstilling. Han vil leia arbeidet så lenge det er tron for han, førebels fram til sommaren. Han har og sagt seg villig til å bidra vidare men då ikkje i ein leiande posisjon.

- Eg bur i Ryfylke og det blei uråd for meg på grunn av familiesituasjonen min å sitja i ei leiande stilling for dette prosjektet utover denne perioden.

Garborgsenteret skal bli eit kunnskapssenter på Jæren, som skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa, til å skapa og formidla kunnskap basert på dei nasjonale og internasjonale visjonane til Hulda og Arne Garborg. Eit senter lokalisert i eit kunnskaps- og læremiljø i utvikling på Bryne. I eit spanande bysentrum skal Garborgsenteret bli ein pulserande samlingsstad i eit innovativt fellesskap.

Unge menneske skal stå i sentrum når innhaldet skal planleggjast og presenterast og vera knytt til dei ideane og regionane diktarparet er kjent for.

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar