Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Her er vinnaren!

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Ei bie sprengjer seg ut av glaset. Fotograf: Hallgeir Braut.

 

Laurdag klokka 14.00 var det kåring av vinnar i fotokonkurransen FRIDOM. Kring 40 menneske hadde møtt opp, mange av dei håpefulle fotografar. Juryen, ved juryformann Kristin Frafjord, gjorde reie for konkurransen og valet av finalistar. Nesten 200 bidrag kom inn, og ti bilete i kvar kategori vart plukka ut til utstillinga. Publikum avgjorde, 234 menneske avga si stemme frå onsdag til laurdag.

Vinnarane vart:

0-14 år: Hallgeir Braut.

15-25 år: Tina Hetland.

26 år og eldre: Frode Risan.

 

Her får hovudvinnar Hallgeir Braut premien sin, overrekt av juryens Marita Baklund.

Hallgeir Braut kunne fortella at han hadde manipulert biletet på iPaden sin. Han tok eit syltetøyglas, øydela loket og fotograferte det. Så sette han inn bia og splintane etterpå. I lag med dei andre gruppevinnarane får han biletet sitt trykt på pleksiglas 50x70cm. Som hovudvinnar, Hallgeir fekk totalt 47 stemmer, fekk han i tillegg eit speglreflekskamera gitt av Elite Foto på Bryne.

Her er biletet som vann i klassa 26 år og eldre. Fotograf: Frode Risan.

Tina Hetland vann i klassa for dei mellom 15 og 25 år.

Finalebileta blir hengande på Garborgsenteret/Time bibliotek inntil vidare. Dei andre innsendte bidraga vert vist på skjerm. Så det er framleis mogleg å sjå dei.

 

 

Fotokonkurransen var sponsa av:

 

 

 

 

 

 

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar