Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

På jakt etter Garborgs skattkiste

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

 

Er dette den rette kista?

 

Garborgsenteret - som for tida lagar utstilling til opninga neste år - er på jakt etter ei kiste. Dette skal vera ei riktig skattkiste, jamvel ei snakkande kiste - ei som lagar lyd når du rotar i henne, som skal fyllast med tidsriktige, garborgske klede til barnleg utkleding. Ho skal vera så autentisk som mogleg, frå den rette tidsalderen og gjerne rosemalt.

Garborgsenteret er ei avdeling i Jærmuseet, og hengte seg på ein liten ekskursjon til skattkammeret. Reisa tok dei over hav og land, til det gamle NATO-lageret på Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Der vart dei køyrt rett inn i berget.

Inne er temperaturen og luftuktigheita stabil, og alle musea i Rogaland har fått tildelt lagerplass. Jærmuseet har samla uhorvelege mengder gods og kråkesølv, og Garborgsenteret sette seg på nokre åpne, komfortable vogner med herleg, frisk luft og god beinplass - og vart køyrt så langt inn i fjellet det er mogleg å koma utan å støta på andre troll.

 

Så, endeleg, langt om lenge og lengre enn langt, openberrte det seg ein hall av godsaker, Jærmuseets eige skattkammar. Her fann dei rokkar, plogar, omnar, traktorar med punkterte hjul, trillebårer utan hjul, ski utan glid, piano utan lyd og kister utan skattar. 

 Inst i eit hjørne fann dei desse kistene. Var dei verkeleg utan skattar? Kunna dei nyttast til det gjeve formålet? Såg dei riktige ut? Var dei gamle nok? Fine nok? Kunne dei snakka, og viss så, kva for eit mål snakka dei? Det var vel nynorsk? 

Det kunne sjå ut som at alle kistene var ifrå 1802, eit toppår i kistebransjen. Og endeleg fann dei ei kiste som tilfredsstilte Garborgsenteret sine strenge krav. Ho var flott å sjå på, ho var frå 1800-talet, loket var solid og det var verken teikn til rote eller rust. Problemet var berre at ho sto så forferdeleg dårleg til. Ho var tung og måtte lyftast ned ifrå hyllene.

Garborgsenteret sin formidlar vart utpeikt som friviljug til det tunge oppdraget. Han takka for tilliten med berre nokre få banneord. Så tok han tak. Han drog og slepte og skrapte og sveitta - og så klarte han det jammen - han som elles er så liten og veik. Han sette kista på golvet - og ikkje berre det, han sette ho fyrst på foten sin, moglegeins for å skåna kista for eit ublidt møte med golvet. For dette fekk formidlaren berre små smerter.

"Ikkje noko å snakka om," sa han venleg. "Nnnggg!"

Snart kunne han opna kisteloket med andakt. Han høyrde symfoniar for sitt indre øyre, særleg Grieg sin I Dovregubbens hall. Han såg stjerner òg. Dei andre trolla, både dei ifrå Garborgsenteret og dei frå andre avdelingar i Jærmuseet, samla seg rundt han, spente som fjørene i den øydelagte senga som sto inntil veggen bortenfor dei. Kisteloket knirka. Formidlaren støna. Så openberra det seg ein skatt frå gamle dagar. Riktig gamle lampeskjermar!

Gratulerer med funnet, kjære formidlar! Du tek tak i kista igjen. Du lyftar ho opp ifrå golvet, du tvingar henne opp på hylla. Du dyttar ho inn på plassen sin. Og det er det. Inntil vidare. For viss Garborgsenteret finn ut at det er akkurat den kista dei vil ha, så må du ut på tur igjen. Du må lyfta meir. Og ergra deg over at du ikkje fjerna lampeskjermane den gongen du hadde sjansen.

Men sikkert er det at til opninga i 2012 skal Garborgsenteret ha Garborgs snakkande skattkiste på plass i utstillinga si.

 

 

 

 

 

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar