Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

"Zetlitz inn i den jærske kanon"

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

"Det er viktig at jærbuen oppdagar Jens Zetlitz for alvor," seier Terje Torkildsen; "ved å inkludera Lye-kapellanen i Jærens litterære kanon, utvidar ein litteraturhistoria med hundre år!" 

Terje Torkildsen er mest kjent som komikar og skodespelar, blant anna frå Mongoland, Alt for Egil og Monstertorsdag. Han er òg ein prisbelønt ungdomsbokforfattar. Men no syner han eindå ei side av seg, litteraturvitaren. Onsdag 30.11. kjem han til Garborgsenteret for å snakka om Jens Zetlitz. Me tok ein prat med mannen som både har skrive hovudfagsavhandling og teaterstykke om diktaren.

Det er no 250 år sidan Zetlitz vart fødd; men så langt har han fyrst og fremst figurert i stavangerske samanhengar - der han var fødd inn i ein borgarleg familie med sterke band til dei Kielland. 

Studenten Zetlitz var eit leiande medlem av Det norske selskab i København, og seinare vart han sokneprest i Vikedal; men sine mest produktive år hadde han på Lye. Då han kom heim frå København, gifta han seg med prestedottera Elisa og flytta til hennar heimstad Lye, der han på 1790-talet arbeidde som kapellan. Forholdet til Elisa var ei av tidas store kjærleikssoger, lyrisk skildra av Zetlitz sjølv.

"Han kan ha vore Rogalands fyrste ordentlege forfattar," seier Torkildsen. "Han publiserte verka sine på ordentlege forlag. Bøkene vart bestseljarar, og Zetlitz sjølv ein kjend mann. Visene var sunge i heile Danmark-Noreg."

På 1790-talet, medan han budde på Lye, publiserte han mange av dei mest kjende salmane sine - men han gav ut kvardagssongar òg.

"Det er jærske ord og uttrykk i annakvar setning." Torkildsen legg til at sjølv om Zetlitz er mest kjend for salmar og viser, så var han fyrst og fremst ein ivrig og dyktig folkeopplysar. "Det å skriva kvardagssongar og drikkeviser var ikkje motstridande med det å dikta salmar og vera prest. Zetlitz kombinerte kunnskap med glede, han ville gjera livet enklare, betre og hyggelegare. Han hadde auge for dei som var vanskelegstilt. Han la mykje vekt på eit element me i dag oppfattar som noko moderne - nemleg toleranse. For å nå fram til alle med bodskapen sin, varierte han stilen etter mottakarar og sjanger. Kall han gjerne virtuos."

For å nå alle, ville Zetlitz at songane skulle syngast både i stova, på arbeidet og i kyrkja.

"Jærbonden og andre skulle vera stolte over det dei hadde. Zetlitz var ein viktig del av den folkeopplysingsbølgja som førte fram mot 1814. Slik sett har tekstane ikkje berre litterær verdi, men og historisk verdi."

Han fortel vidare at Zetlitz vart verdsett av samtidas intellektuelle.

"Han var den førande gestalten i det me kallar Det norske selskaps "sølvalder", det vil seia generasjonen etter Johan Herman Wessel og Johan Nordahl Brun. Zetlitz var ein glad mann, trass i mykje motgang på det personlege planet. Det å spreia glede - gjennom alt frå drikkeviser til prestegjerning - var eit element han hadde med seg frå København. Men han vart på eit vis ståande der, i opplysningstida, medan den kulturstrømninga me kallar "romantikken" melde sin ankomst. Zetlitz var den siste klassisist. Han hadde ingenting til overs for Sturm und Drang og Goethes Den unges Werthers lidelser. Slike tekstar hadde ikkje nokon folkeopplysningsfunksjon og difor låg verdi, meinte Zetlitz. Men han forsto at songane måtte fenga, og det klarte han nesten alltid."

Torkildsen fortel brennande engasjert om forbildet sitt. Det å kombinera humor med viktigare ting, er viktig også for han. Så då ligg det vel djupe, gjennomstrøymande årsaker bak denne besettande interessa for Lye-diktaren?

"'Nei nei nei," seier Terje Torkildsen, "eg gjekk berre på skule i Jens Zetlitz' gate og vart litt nysgjerrig." 

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar