Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Ville du ha kjøpt pillene dine av denne karen?

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Nyheit: Apotekarlærling med stort hovud har fått ansvaret sitt på sokkel.

Det er berre å be om orsak med det same. Ein merkeleg tasteleif sneik seg inn utan å betala for seg. Det rette skal sjølvsagt vera: "Apotekarlærling med stort ansvar har fått hovudet sitt på sokkel." 

Me oversvømmast av rockeprestar og diktarprestar, men det er mindre populært å kategorisera kombinasjonen av apotekar og diktar. Ikkje desto mindre er diktarapotekaren, alternativt apotekardiktaren, ein av våre største forfattarar. Henrik Ibsen held stand som verdas nest mest spelte dramatikar (etter Shakespeare, men føre Tsjekhov), men hadde ein periode kring førre århundreskiftet konkurranse om flest oppsetjingar i Noreg - av ingen ringare enn komedieforfattarinna, eller skal med seia bohemomsetjarmålmanninnelivsstilsreformatorbunadsdesignarnorskdomsforkjemparfolkedansdiktaren Hulda Garborg.

Garborgsenteret har nemleg vore på samling i Litteraturnetverket, der me vart framifrå oppvarta av Grimstad bys museer. Dei tok oss med til Hamsuns gamle - og Ibsens unge dagar. Me fekk vitja huset han godaste Henrik var apotekarlærling med utvida ansvar. Han kom dit frå heimstaden Skien som femtenåring, og det var i sykkelbyen (kanskje Thor Hushovd er ein komande diktarsyklist?) han bestemte seg for å bli diktar. Nokre år seinare la han mykje av handlinga i dikteposet Terje Vigen til Grimstad sin skjærgård. Men medan han var der i byen, levde han travle ungdomsdagar. Han var ikkje berre apotekar, men diktarstudent, svirediktar, diktarmålar og litt fyrsteelskardiktar òg. I alle fall var han somme gongar diktarforelska (men ikkje med ho han fekk born med, den diktarrøvaren).

Dette er rommet apotekardiktaren søv i, drakk i, dikta i og kanhende famla litt under blusene i. Med mindre historiene om den unge Ibsen berre er oppspinn, sjølvsagt. Eller løgn og forbanna dikt, ja. 

Ta ein titt på heimesida til Grimstad bys museer om du vil lesa meir.

 

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar