Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

"Som å vakna til eit kalas"

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Jul og 17de Mai på same tid. Garborgsenteret fekk ei storslått gåve.

Den sjuande oktober var det julekveld på Garborgsenteret. Og ikkje berre var det jul på hausten, men kvelden kom midt på dagen òg. Klokka fem over halv to kom nissen inn dørene (det er ikkje pipe på Garborgsenteret) - i ein ærverdig boksamlars ham. Odd Jørstad, bokhandlar i Storgata på Bryne i 45 år, frå 1951 til 1996, og kledeleg skjeggprydd for anledninga, hadde med seg to øskjer fulle av dei mest storslagne gåver.

Kva han hadde med seg?

Bøker! Haugevis med vakre, deilige, vidunderlege Garborg-bøker. Kornmoe, og Symra, og Den store Freden, Fru Evas Dagbog, Mann av Guds naade, Fra Kolbotnen og andetsteds - berre for å nemne nokre av dei rundt 80 bøkene julenissen hadde med seg. For det var Hulda sine bøker som fekk avdelingsleiaren på Garborgsenteret, Inger Undheim, til å skrike av lukke (rett nok eit lågt skrik, men det var berre fordi det ligger eit bibliotek i etasjen under). For Garborgsenteret, som for ganske nøyaktig eit halvt år sidan gjekk ut i media og sa dei ønskte seg bøker, hadde så langt berre fått inn eit titals skrivne av Hulda Garborg. Til julenisse Jørstad kom - for då vart samlinga plutseleg fleirdobla.

Nokre av bøkene var meir enn hundre år gamle!

Og fyrste årgangen av Arne si avis, Den 17de Mai, komplett - ifrå 1894!

"Eg går rett i klisjear om eg skal kommentera dette", seier avdelingseleiar Undheim. "Det er så fantastisk. Dette er bøker og aviser me ønskte oss sterkt. Og særleg stas er det med Hulda-bøkene, dei vil me ha fleire av". Og me let ho med det oppfordra lesaren til å sjå i hylla eller på loftet om det finst nokre gamle eller nye bøker du ikkje har bruk for - av Arne eller Hulda - eller bøker som berre er tematisk relaterte til dei. Garborgsenteret vil gjerne stilla dei ut, lata dei vera til glede for alle vitjarar!

Undheim trekk pusten.

"Som å vakna til eit kalas, julaften, ein bursdag du ikkje visste om."

"Me vil teikna eit stort bilete av Arne og Hulda", seier ho. "Alt som kan relaterast til dei, tankar eller handlingar, er av interesse."

Odd Jørstad, Inger Undheim og utstillingsleiar Gunhild Hammeraas beundrer bokhylla der bøkene skal stå - til glede for alle. Og som ein kan sjå i bakgrunnen: det er full aktivitet i utstillingslokalet. Garborgsenteret reknar med å opna dørene på seinvinteren eller til våren.

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar