Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

På jakt etter det gode biletet

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

otto med hund

Otto får eit blinkskot. 

Ettersom Garborgsenteret si hovudmålgruppe er ungdom og unge vaksne, har Garborgsenteret oppretta ei referansegruppe beståande av tolv elevar ifrå vidaregåande skule. Med jamne mellomrom får dei delta i utviklinga av utstillinga. På samling 2.9. fekk dei ein dag i lag med fotografen Ingeborg Skrudland og medieeksperten Vilhelm Skjærpe. Dette var ikkje berre for å verte betre fotografar, men like mykje med tanke på å ta bilete til Garborgsenteret si utstilling. 

Den 2.9. fekk nokre bli med Skrudland ut på landet for å ta bilete av landskap og dyr, medan andre vart med Skjærpe til Bryne sentrum for å knipse menneske, plakatar og skilt - og som me kan sjå var det dyr i Sandtangen på Bryne òg. 

 

Elevar med hund

 

 

elevar i damebutikk

 

Elevane viste seg å vera både ivrige, kreative og dyktige. Nokre av dei hadde eigne speglreflekskamera og var allereie erfarne hobbyfotografar. Skjærpe, som er engasjert av Garborgsenteret for å laga utstillinga, var veldig imponert: "Eg tykte dei hadde mange gode idear og auge for gode motiv." På spørsmål om bileta kan brukast i utstillinga, nikkar han bestemt go svarar: "Ja, det er det ingen tvil om."  

Fotograf Ingeborg Skrudland, som tok med seg ei gruppe rundt på Jæren for å ta landskapsbilete, var likså nøgd. Ho nyttar ord som "reflekterte" og "klåre meiningar" når ho vert beden om å skildra dei elevane ho hadde med seg. "Det var tydeleg at fleire av dei hadde fotoerfaring. Dei var kreative og gode til å utvikla idear."

 

 

 Under kan du sjå nokre av bileta som elevane i referansegruppa tok (fotografar: Astrid Salte Wiig, Ine Kelly Rusnes, Marita Baklund, Kristin Frafjord, Linn Ree Årstad):

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar