Snakk så eg forstår

Visste du at quechuaindianarane i Andesfjella i Peru får undervisning på spansk, eit språk som for dei er heilt framandt? Dei lærer lite og mange sluttar skulen. Slik vert det vanskeleg å kjempe seg ut av fattigdommen. "Hei Verden" utdannar to-språklege lærarar og lager skulebøker på quechua. No har dei vore på Garborgsenteret og lært sjetteklassingar frå Lye og Rosseland om kor vanskeleg det kan vera når ein ikkje får nytta morsmålet sitt. Arne Garborg sjølv kom innom, og han kunne fortelje at i hans tid måtte dei både lese og skrive dansk på skulen. Til slutt vart Garborgsenterets Inger Undheim og TV-kjendisen Mari Wedum utfordra til dialektduell. Les meir hos Hei Verden, Noregs mållag eller sjå fjernsynsinnslag hjå tv vest.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter måndag 05. september 2011 12:55
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










