To vellukka arrangement

Garborgsenteret har hatt to svært vellukka arrangement i det siste, bispevisitas onsdag 16. februar og foredrag med Arnhild Skre tysdag 22. februar. Til begge arrangementa møtte det opp mykje folk, og både biskopen og Skre levde opp til forventningane hos dei frammøtte.
BISPEVISITAS
Då biskop Erling Pettersen skulle på bispevisitas på Jæren ønskte han sterkt å besøka Garborgsenteret og Time bibliotek, som saman valde å arrangera ein open bokprat mellom biskopen og bibliotekar Aud Søyland Kristensen. Temaet var Garborg og biskop Erling. ”Ein samtale som trefte tilhøyrarane i både hovud og hjarta,” meldte journalist Reidun Gudmestad i Aftenbladet. Garborgformidlar Sigbjørn Reime heldt eit innleiande føredrag om Arne Garborg og jærsk identitet.
I HULDAS REISESPOR
Forfattar og journalist Arnhild Skre held for tida på med ein ny biografi om Hulda Garborg, som kjem ut på Samlaget i 2012. Hulda reiste mykje gjennom sitt lange liv, og som del av arbeidet med biografien har Skre reist rundt i verda i hennar fotspor. 22. februar fortalte Skre om reisene til Hulda for ein fullsett sal i Garborgsenteret. Arrangementet var eit samarbeid med Time folkeakademi.

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter fredag 25. februar 2011 07:33
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










