Garborg-kunst av elevar ved Undheim skule

Som del av årets Garborgdagar presenterte Garborgsenteret og Time bibliotek ei utstilling med elevarbeid frå Undheim skule. Kunstverka blei laga i samband med Garborg-året 2001, då elevane ved skulen deltok i eit kunstprosjekt inspirert av diktsyklusen Haugtussa av Arne Garborg. Delar av resultatet kan framleis sjåast i 2. etasje i Garborgsenteret / Time bibliotek. Utstillinga blir hengande til og med 26. mars. Velkommen!

Skrive av Nasjonalt Garborgsenter tysdag 08. februar 2011 12:56
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










