Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Garborg og taterkulturen

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Onsdag 3. november kl. 19.00 går første arrangement i Nasjonalt Garborgsenter av stabelen. Forfattar og taterson Kristian Bredesen kjem til  Garborgsenteret på Bryne med eit todelt foredrag.

Den eine delen handlar om Arne Garborg sitt venskap med tateren Martin Johan Mathiassen Skau, og den andre delen vil vera om Bredesen sjølv, og omstreifarmisjonen sett i lys av kyrkjemøtet i 2002.

 

Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skau delte hybel medan dei to var lærarstudentar ved lærarskulen til Velle Vellesen på Time. Sjølv om vegane deira seinare skildest, hadde dei god kontakt med kvarandre gjennom livet.

 

Føredragshaldar Kristian Bredesen har skrive fleire bøker, mellom anna ”Tatersønn”, ”Taterblod” og ”Taterbiskopen”.

 

Ivan Storm Juliussen vil spele og framføra nokre songar.

Det blir og song med Evy Lode Jonassen, akkompagnert av Harald Undheim på toradar og Jan Jonassen på gitar.

 

Servering av kaffi og kaffimat.

 

Billett kr. 100,- kjøper du i døra.

Share/Save/Bookmark
Kommentarar (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

busy

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar