Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk
Informasjon Publisert 12.02.2010

Prosjektet Mot til å meina vil gjerne kjøpe annonseplass på to russebilar ved kvar av dei vidaregåande skulane i Strand, Bryne og Sauda til ein verdi av 5.000 eller 10.000 kroner per bil. Det er ein føresetnad at annonsen får plass på panseret eller bakenden av bilen. For å få støtte må du kome med konkrete og gode idear til korleis me kan skape større politisk engasjement blant ungdom:
Korleis kan me få fleire ungdommar til å bli engasjerte i politisk arbeid?
Korleis få fleire til å nytte røysteretten?
Kva medium skal me bruke for å få bodskapen fram?
Kva rolle kan din skule spele for å auke det politiske engasjementet?
Les meir for å sjå korleis du kan delta i konkurransen!

Informasjon Publisert 12.02.2010
Mot til å meina konferanse mai 2010

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time kommune eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Korleis skal me få til det? 6. - 7. mai 2010 arrangerast ein konferanse i Stavanger med føremål å finna ut av dette. Aslak Sira Myhre, Frank H. Aarebrot, Liv Signe Navarsete, Jostein Fretland, Hadia Tajik og Rune Hetland er blant føredragshaldarane og debattantane. Målgrupper for konferansen er politiske parti, valstyra, valarbeidarar i kommunar, pedagogisk personell i skulen, media og ungdomsorganisasjonar. I tillegg bør konferansen vera av spesiell interesse for kommunar som skal gjennomføra val for 16-åringar. Klikk på "les meir" for å finna fullstendig program. Vel møtt!

Informasjon Publisert 12.01.2010

Då HM Kongen på slutten av 2009 las opp nyttårstalen nytta han eit kjent sitat frå Arne Garborg for å understreka budskapet sitt:

[...] "Finanskrisen har mange årsaker, men på ett plan synes den å ha sammenheng med et kortsiktig jag etter profitt. I den forstand kan krisen kanskje tjene som en nyttig påminnelse om at økonomi og samfunn ikke ensidig kan tuftes på materielle verdier.

Arne Garborg skrev i sin tid noe om faren ved å feste altfor mye tillit til penger:
For pengar kan ein få alt, heiter det.
Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
Dropar, men ikkje helse,
Mjuke senger, men ikkje svevn,
Lærdom, men ikkje vit,
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar.

Kanskje har vi vært flinkere til å telle våre penger enn vi har vært til å telle våre dager. Menneskenes overforbruk vil i verste fall kunne skape dramatisk ubalanse i selve klodens klima. Klarer vi ikke å hanskes bedre med dette, vil vi stå overfor svært alvorlige konsekvenser" [...]

Garborg-sitatet er henta frå lesestykket Um Pengar i Austlids Lesebok for folkeskulen, 1903.

Garborg høyre side
Utforming: Lokomotiv Reklamebyrå      Redaktør: Einar Schibevaag