|
|
|
|
 Publisert 05.02.2010
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time kommune eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Korleis skal me få til det? 6. - 7. mai 2010 arrangerast ein konferanse i Stavanger med føremål å finna ut av dette. Aslak Sira Myhre, Frank H. Aarebrot, Liv Signe Navarsete, Jostein Fretland, Hadia Tajik og Rune Hetland er blant føredragshaldarane og debattantane. Målgrupper for konferansen er politiske parti, valstyra, valarbeidarar i kommunar, pedagogisk personell i skulen, media og ungdomsorganisasjonar. I tillegg bør konferansen vera av spesiell interesse for kommunar som skal gjennomføra val for 16-åringar. Klikk på "les meir" for å finna fullstendig program. Vel møtt!
 Publisert 12.01.2010
Då HM Kongen på slutten av 2009 las opp nyttårstalen nytta han eit kjent sitat frå Arne Garborg for å understreka budskapet sitt:
[...] "Finanskrisen har mange årsaker, men på ett plan synes den å ha sammenheng med et kortsiktig jag etter profitt. I den forstand kan krisen kanskje tjene som en nyttig påminnelse om at økonomi og samfunn ikke ensidig kan tuftes på materielle verdier.
Arne Garborg skrev i sin tid noe om faren ved å feste altfor mye tillit til penger: For pengar kan ein få alt, heiter det. Nei, ein kan ikkje det. Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug, Dropar, men ikkje helse, Mjuke senger, men ikkje svevn, Lærdom, men ikkje vit, Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar.
Kanskje har vi vært flinkere til å telle våre penger enn vi har vært til å telle våre dager. Menneskenes overforbruk vil i verste fall kunne skape dramatisk ubalanse i selve klodens klima. Klarer vi ikke å hanskes bedre med dette, vil vi stå overfor svært alvorlige konsekvenser" [...]
Garborg-sitatet er henta frå lesestykket Um Pengar i Austlids Lesebok for folkeskulen, 1903.
 Publisert 11.12.2009
Etter at stortingets familie- og kulturkomité 9. desember vedtok si innstilling til statsbudsjettet for 2010, med ein merknad om realiseringa av Nasjonalt Garborgsenter, har regjeringa no fylgt det opp med ei løyving på 7 millionar kroner til etablering av innhaldet i senteret. Einar Schibevaag er fornøgd: - No er me i gang og meldinga frå regjeringa er til stor inspirasjon for Garborgsatsinga på Jæren! Hulda og Arne Garborg var sterke personar med aktualitet også i dag. Då Barak Obama i går blei tildelt Nobels Fredspris i Oslo Rådhus var stykket Killingdans, med tekst av Arne Garborg og musikk av Edvard Grieg, eit av innslaga. At Garborg får plass i ei så viktig hending viser kva rolle Garborg spelar for landet vårt.
|
|
|
|