Opningstider og kontaktinfo

Planlagd opning 2012

Kontakt oss på telefon
51 79 94 20 eller post@garborg.no

Kafé Garborgstova
har allereie opna og kan kontaktast på telefon 454 12 423 eller e-post kontakt@garborgstova.no

Opningstidene for Garborgstova er:
måndag kl. 7 - 17
tysdag   kl. 7 - 16
onsdag  kl. 7 - 17
torsdag  kl. 7 - 17
fredag    kl. 7 - 16
laurdag  kl. 10 - 15
sundag  stengt

Garborgdagar i Time i januar

Advarsel, opne i eit nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Garborgdagar går av stabelen 25. - 28. januar. Her er programmet for markeringa.

Den 25. januar 1851 vart Aadne Eivindsen Garborg fødd på Garborg i Time. Dette er bakgrunnen for dei årlege Garborgdagar i Time kommune. I tillegg har me eit stort jubileum å markere dette året: Hulda Garborg fyller nemleg 150 år! På mange område sto ikkje ho noko tilbake for mannen sin. I tillegg til å vera samtidas mest markante dramatikar, var denne fargerike kvinna heilt sentral i norskdomsrørsla.

Garborgdagar i Time legg opp til å kunna tilby eit variert og allsidig program i veka kring den 25. januar. Garborgdagar skal innehalda noko for alle, med både alvor og skjemt, både for Garborgvenner og dei me håpar skal bli det. Difor er de alle velkomne til Garborgdagar i Time!


PROGRAM FOR GARBORGDAGAR 2012
Tid: 25. - 28. januar

Onsdag 25. januar (heile dagen) i Time bibliotek/Garborgsenteret
"Ta ein trall" - med og for barnehagebarn og alle andre.

Onsdag 25. januar klokka 19.00 i Time bibliotek
Pietismen - berre negativ? I 2012 er det 120 år sidan Garborg sitt hovudverk Fred kom ut første gongen. Eit sentralt tema i romanen er pietismen. Fartein Valen-Sendstad spør om pietismen berre var ei negativ kraft, slik ein kan få inntrykk av i romanen? Det vert song av Sølvi Iren Vinnes, som har vore med i SKRUK sidan starten. Innleiing ved Sigbjørn Reime. Enkel servering. Inngang kr 100,-.

Torsdag 26. januar klokka 19.00 i Røde Korshuset, 2. etasje
"Huldas etegilde" med god mat og musikk. Biograf Arnhild Skre fortel om Hulda. Etegilde med inspirasjon frå Huldas Heimstell. Musikkinnslag v/Torstein Obrestad, Anita Bekkeheien, Gunnar Tønnesen og . Open bar med alle rettar. Billettar kr 475,- kan bestillast hos Jærkokken Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa eller tlf 97764833. Bindande påmelding.

Laurdag 28. januar klokka 14.00 i Time bibliotek/Garborgsenteret
er det kåring i Garborgsenteret sin fotokonkurranse med temaet "Fridom". Det skal konkurrerast i tre aldersklassar: 0-14; 15-25; og 26 +. Frist for innlevering av bidrag er 18. januar. Bileta vert hengde opp i Garborgsenteret til syning og stemming frå onsdag 25. til laurdag føremiddag. Kvar klassevinnar vil få sitt bidrag forstørra i 50x70 på pleksiglas. Den som får mest stemmer totalt vinn eit digitalt speilreflekskamera.

25. - 27. januar
er det "Forteljarkokeri" på barneskulane i Time. Heidi Strand Harboe fortel frå Arne Garborg sin barndom etter eit manus av Sigbjørn Reime.

25. - 28. januar
serverer kafeen på biblioteket og Garborgsenteret, Garborgstova, franske fristelsar i Huldas ånd.

 

Det kan vera lurt å fylgja med på nettet eller i dagspressa om det skulle bli endringar i det oppsette programmet.

Velkomne til gilde Garborgdagar i Time i 2012!

Share/Save/Bookmark

plasshaldar

To menn på feil klode

News image

Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han  ville snakka med han om. 

Les meir: To menn på feil klode

Den gode arven

News image

  Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag.

Les meir: Den gode arven

plasshaldar