I Huldas reisespor

Tysdag 22. februar kjem Arnhild Skre til Garborgsenteret for å fortelja om arbeidet med sin komande Hulda-biografi som skal utgjevast på Samlaget i 2012.
Arnhild Skre er historikar, forfattar og skribent, og er kjend som ein svært god formidlar! Ho har vore journalist og redaktør i NRK, Dag og Tid og Aftenposten, og har skrive fleire bøker. I 2009 gav ho ut "La meg bli som leoparden. Ragnhild Jølsen. En biografi".
Tid:Tysdag 22.februar kl.19.30
Stad: Garborgsenteret / Time bibliotek (2. etasje)
Inngang: 100 kr.
Grip sjansen til å bli betre kjend med Hulda!
Skrive av Nasjonalt Garborgsenter måndag 14. februar 2011 10:11
![]()
To menn på feil klode![]() Sommaren 1893 fekk Arne og Hulda overraskande besøk på Kolbotn. Diktarkometen Sigbjørn Obstfelder hadde funne ut at han ville treffa Arne Garborg, men utan å tenka gjennom kva det var han ville snakka med han om. Les meir: To menn på feil klode |
Den gode arven![]() Forfattar og litteraturforskar Sigrid Bø Grønstøl snakka om forskjellsfeminisme på Hulda Garborg sin 150-årsdag. Les meir: Den gode arven |
![]()










